søndag 5. september 2010

Arva frå antikken

Det er mange år sidan antikken herja. Framleis heng det ein rekkje ting igjen frå denne viktige tida. Ein tenkjar kanskje ikkje over det kvar dag, men antikken har prega verda sidan den gjekk under. Den har lagt grunnlaget for korleis me har det i dag. Alfabetet vårt stammar frå grekarane og romarane for eksempel, i tillegg til mange andre ting. Kven skulle trudd at så mykje sitt igjen frå den tida?

Språket og orda me har er nok det aller viktigaste som me har arva. Det er faktisk slik at mange europeiske språk er eit utspring frå latin. I Vest-Europa vart latin ofte brukt som eit slags fellesspråk mellom prestar og vitskapsfolk. Plantar og dyr har alle saman eit latinsk namn i tillegg til eit anna namn også. Ein anna sak er at militæret framleis brukar liknande metodar som militæret i antikken. De vestlige hærer blir delt inn på måtar som minnar veldig mykje om inndelinga til dei romerske hærstyrkane.

Demokratiet har vi også fått frå antikken, sjølv om det er ein smule annleis. I antikken var det bare nokre av borgarane som hadde rettigheitar, mens i dagens samfunn har alle krav på dette. Heldigvis har me ikkje det hersens klasseskilje som dei hadde før.

Perikles taler til atenerne i folkeforsamlingen, Pnyx.
Antikken har inspirert renessansen, barokken og klassisismen, så det er ikkje så rart at me også har ein del spor etter det. Universitetet i Oslo er forma med ein klassisk gresk tempelfront, med fire joniske søyler for eksempel.

Platon
To svært viktige personar frå antikken er Platon (om lag 427 e.Kr – 347 f.Kr) og Aristoteles (384 f.Kr – 322 f.Kr). Desse greske tenkjarane la grunnlaget for moderne filosofi og naturvitskap. Platon var elev av den kjente Sokrates (om lag 470 f.Kr – 399 f.Kr), og det var han som grunnla akademiet i Athen. På det akademiet gikk også Aristoteles. Filosofien bestod stort sett bare av usystematiske fragmenter, men Platon utarbeidet eit nytt og betre filosofisk system. Dette blei ein av verdshistoria si store bragder, og har dominert i Vesten heilt fram til i dag.


Mange ser kanskje på antikken som noko heilt spesielt og praktfullt. Ja, det er mykje som sit igjen, men det er også viktig å få fram at nådelaus konkurranse og lita medkjensle som prega samfunnet i stor grad.


Kjelder:
Grimnes, Ole Kristian, Hellerud, Synnøve Vinan - ”Del 1: Fram til om lag 500 e.Kr – Tidligare sivilisasjonar og antikken” Tidslinjer, side 30-31

Martinsen, Vegard (2000) – ”Platon"
http://www.filosofi.no/platon.html Lasta ned 3.9.2010

Tjønneland, Eivind og Tranøy, Knut Erik – ”Aristoteles”
http://www.snl.no/Aristoteles Lasta ned 2.9.2010

Wikipedia (2010) – ”Platon”
http://no.wikipedia.org/wiki/Platon Lasta ned 3.9.2010

Scanpix, idealisert maleri av Philipp von Foltz, 1853 – ”Perikles taler til atenerne i folkeforsamlingen, Pnyx”
http://historievg2.cappelendamm.no/c187043/sammendrag/vis.html?tid=189867 Lasta ned 5.9.2010
Institutt for filosofi og førstesemesterstudier "Bilete av Platon"
http://www.hf.uib.no/fof/instituttet/index.htm Lasta ned 5.9.2010

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar