torsdag 9. september 2010

Skremmar "Frykten"?

I teaterstykket ”Frykten” prøvar statsminister og partileiar Samuel å skrape saman ein løysning som skal gjera det enklare for alle når olja forsvinn. Hans visjon dreiar seg om å skape nye energikjelder og arbeidsplassar, og ikkje minst å gjera det på ein miljømessig god måte. Han og dei andre i partiet hans er på ei aude øy, og skal finne ut av dette. Men det går ikke heilt som planlagt.
Etter å ha sett dette teaterstykket sit eg igjen med følgjande spørsmål: Er dette aktuelt for oss som lev i dag? Kva skal me gjera om olja forsvinn? Skal me bare sitje å sjå på at verda går under, eller skal me gjer noko med saka før dette skjer?

Global oppvarming er ein følgje av at me menneske har handla utan å tenkja. CO2en som me slepp ut ved å for eksempel køyre bil har skada ozonlaget sånn at det ikkje funger som det skal. Ozonlaget beskyttar jorda for farleg stråling frå verdsrommet. Me har forureina og øydelagt både for plantelivet og dyrelivet. Me har rett og slett øydelagt moder jord slik me ein gong kjende ho. Det er varmt der det skal vere kaldt, og kaldt der det skal vere varmt. Og dette ser ut til å bare bli verre og verre. Me må bruke ein annan type energi, ein som er miljømessig. Vatn og vindkraft er begge gode energikjelder viss me brukar dei rett. Men å byggje vindmøllar og kraftverk, og legge ned oljebedrifter vil koste fleire milliardar norske kroner i tillegg til fleire tusen arbeidsplassar. Vil dette gjøre vondt? Ja. Men det er billigare å førebygge enn det er å rette opp i skadane etterpå.

Bilete er henta frå Rogaland Teater
Link til siden

Eg følar ikkje at ”Frykten” heilt klarte å få fram bodskapen på ein tilfredsstillande måte. Fuglar som angrip, krangling, psykiske skader og mord tok hovudrolla i frå klimakrisen. Den blei liggjande i bakgrunnen, og dette blei understrekt av krangling. Det var tydeleg at Samuel brann for dette, mens statssekretæren Dina, pressesjefen Marie og forsvarsministeren Arthur slaktar visjonen hans heilt. Det blei på ein måte framstilt som ein spøk. Dei meiner at han heller burde snakke om det som folk flest vil høyre, i staden for noko som kjem til å øydeleggje for han ved neste val. Dette tamme forsøket kunne kanskje vært redda om dei sat det meir i fokus, i staden for konflikten mellom dei. Eg trur ikkje at dei som ser dette teaterstykket innser fakta og får lyst til å gjera noko med det. Iallfall ikkje me ungdom. Eg trur eg snakkar for dei fleste viss eg seier at fuglane og bloddelen blei meir interessant enn sjølve problemstillinga.

Men alt i alt så var stykket heilt ok. Einaste som ikkje falt heilt i smak hos meg var sjølve handlinga. Sjølv om det absolutt er relevant i dag, så blei det for mykje av det andre. Men grøssar delen gjorde iallfall jobben sin. Ein kunne høyre småskrik frå folk i salen og elles gjorde skodespelarane ein god jobb. Dei levde seg verkeleg inn i rolla si. Dei fekk det nesten til å sjå lett ut å spela i ein grøssar på teater i staden for på film. Toppen på kransekaka var filmeffektane som blei brukt. Dei gjorde alt mykje meir realistisk. Dette stykket var godt for norsk teater.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar